david-skintveit-

Hoppet til Sørlandet med begge beina

David Høyheim Skintveit (26) var nysgjerrig på verden utenfor barndomskommunen Luster og studiested Volda. Nå er han allerede etablert i Arendal med samboer, hus og første traineeplassering hos Statsforvalteren i Agder.

Navn og alder?

David Høyheim Skintveit, 26 år


Hvor kommer du fra, og hva slags sted er det?

Eg kjem frå ei lita bygd innerst i Sognefjorden – Høyheimsvik i Luster kommune. Det er ei lita bygd i ei stor kommune, der folketalet er beskjedent, men samhaldet stort. Eit slikt lokalsamfunn der alle helsar på alle, og der fjord og fjell pregar både kvardagen, hobbyane og interessa våre.


Utdanning:

Eg har både ein bachelor- og mastergrad frå Høgskulen i Volda (HVO). Reisa frå Luster kommune – med ein svipptur innom Forsvaret – førte meg vidare ut mot kysten. Framleis på bygda, men til ein litt meir befolka plass.

Bachelorgraden i PR, kommunikasjon og media frå HVO. Studiet gav meg ei brei og grundig innføring i medie- og kommunikasjonsfaget, med vekt på både teori og praktiske metodar. Gjennom utdanninga fekk eg særleg kunnskap om ekstern-, intern- og krisekommunikasjon, i tillegg til forståing for sentrale problemstillingar innan samfunnsliv, journalistikk og medievitskap. Eg fekk òg erfaring med ulike praktiske verktøy innan publisering, video og visuell formidling.

Mastergraden min, Master in Media Practices, er ein tverrfagleg og internasjonal mastergrad. Klassen bestod av studentar med ulike faglege bakgrunnar – som journalistikk, foto, medieproduksjon og animasjon – og frå fleire land, mellom anna Tyskland, Bangladesh, Polen og Uganda. Gjennom dei to åra fekk eg innsikt i andre fagfelt og kulturar, samstundes som eg kunne spisse masteren mot mitt eige fagområde: kommunikasjon, med særleg fokus på krisekommunikasjon.

Begge studia hadde eit sterkt praktisk fokus, der teori frå klasserommet skulle nyttast i arbeidslivet. Eg hadde difor to praksisperiodar: éin hos Statsbygg i Oslo (bachelor) og éin i kommunikasjons- og marknadsavdelinga ved Høgskulen i Volda (master).
 

Hva jobber du med i din første plassering?

Den første plasseringa mi er i kommunikasjonsavdelinga hos Statsforvaltaren i Agder. Arbeidsoppgåvene mine er delt inn i tre faste hovudoppgåver, nokre ekstraoppgåver og ein slags “dessertmeny” med ting eg kan ta tak i når det er rolegare periodar.

Dei faste hovudoppgåvene er:

1. Å bistå kommunikasjonsdirektøren med mediehandtering og ekstern kommunikasjon, inkludert publisering på nettsider og sosiale medium.

2. Bistår med kommunikasjonsarbeid knytt til offisielle besøk i regionen.

3. Arbeid med å utvikle ein kanalstrategi for internkommunikasjon, slik at organisasjonen får ein meir tydeleg og effektiv struktur for intern informasjonsflyt.

Vidare omfattar ekstra- og dessertoppgåvene mellom anna grafisk design, formidling av bodskap utad og bistand i arbeidet med å utforme nye karrieresider.
 

Drømmeyrke som barn?

Drømmeyrket mitt som ung vingla ein del. I starten var det sjølvsagt å bli fotball- eller handballproff, men etter kvart var det advokat eg lenge såg for meg å bli.
 

Fritidsinteresser?

All form for sport: fotball, handball, randonee, badminton, padel, tennis, frisbeegolf – og ja, til og med sjakk.
 

Hvorfor søkte du Trainee Sør?

Eg søkte Trainee Sør av fleire årsaker (ikkje nødvendigvis i denne rekkefølga):

1. Eg var gira på å prøve noko nytt geografisk – ikkje berre vestlandsk natur og omkransing.

2. Profesjonaliteten, seriøsiteten og den solide forankringa på Sørlandet som Trainee Sør viste, var utruleg appellerande. Eg fekk enormt lyst til å bli ein del av det!

3. Moglegheita til å utvikle meg både fagleg og personleg, samstundes som eg får teste ulike typar tilsetjingar – privat vs. offentleg, små verksemder vs. store – var svært tiltrekkande.

4. Eg likte tanken på å vere del av eit fellesskap av unge i same situasjon – det gjer heile prosessen med å flytte, jobbe og utvikle seg mykje kjekkare.

5. Har litt familie i Arendal som også gjorde det ekstra attraktivt å komme ned hit.
 

Hvordan opplevde du søknadsprosessen?

Søknadsprosessen var veldig spennande – spesielt på assessment-senter.

Første møte med intervjuet, og med Anna og Benedicte, forsterka allereie inntrykket av profesjonaliteten i Trainee Sør. På assessment vart dette endå tydelegare, og det kjentes gjevt berre å sitte der saman med dei andre utruleg kompetente søkjarane.

Vidare var desse dagane også fylte med spennande utfordringar og kjekke samlingar med dei andre søkjarane. Også her opplevde eg personleg utvikling gjennom aktivitetane. 
 

Hadde du noen verv, deltidsjobb, utveksling eller andre morsomme erfaringer i studietiden?

Frå studietida var eg ein aktiv og engasjert student. Eg starta som ansvarleg for sosiale medium i studentgruppa Amnesty, før eg òg var med på å etablere eit studenthandballag for herrar – som etter kvart også fekk eit damelag. Eg engasjerte meg vidare i ein av karrieredagane ved Høgskulen i Volda, der eg mellom anna produserte ein podcastepisode om studieretninga mi og stilte som konfransier for same studium. Samtidig tok eg opp att fotballen, noko som etter kvart opptok det meste av fritida mi som student.

Parallelt med studia hadde eg alltid deltidsjobb. Eg arbeidde mellom anna som deltidstilsett i Spar, som tilkallingsvikar i barnehage og i eit engasjement som ungdomskontakt. I tillegg fekk eg høve til å vere kommunikasjonsansvarleg for ein privat app – eit oppdrag som var både lærerikt og særs givande. Appen vart etter kvart svært populær, og utviklaren fekk invitasjon til å vere gjest i Lindmo. I den samanhengen fekk eg ansvar for å utarbeide eit rettleiande «manus» i forkant av sendinga. Det opplevdest som ei stor tillitserklæring å få eit slikt ansvar som relativt fersk student innan kommunikasjonsfaget, og erfaringa var svært verdifull.
 

Hvor ser du deg selv og hva gjør du om ti år?

Livet:
Om ti år håpar og trur eg at eg har etablert meg som sogning på Sørlandet. Eg og min sambuar/frue/medlåntakar (kjært barn har mange namn) har allereie kjøpt hus i Arendal, så eg reknar med at vi framleis bur der.

Karriere:
Karrieremessig ser eg for meg at eg jobbar i ei kommunikasjonsstilling der eg får utvikle meg vidare, kjenner på meistring og trivsel – og gjerne har moglegheit til å kombinere arbeidet med litt reising mellom slaga. Eg håpar òg at eg om ti år har hatt ei både personleg og fagleg utvikling som gjer at eg kan sjå på meg sjølv som ein trygg, kompetent og erfaren kommunikatør, uavhengig av tittel og stad for min yrkesutøving.
 

Hvilken jobb kunne du ikke hatt?

Eg har endå til gode å oppleve ein jobb eg ikkje trivst i, men eg ser ikkje for meg ei rolle utan mykje sosial kontakt og varierte arbeidsdagar. Ein jobb der ein sit åleine framfor ein PC‑skjerm i ein mørk kjellar og «farmer bitcoins», er med andre ord ikkje heilt min stil.
 

Hva finner man alltid på kontorpulten din?

Kaffikopp, tyggis og headsettet eg nyttar til å lytte på Papaya (nye Radioresepsjonen) på pendlevegen til og frå jobb.
 

Hva gleder du deg mest til det neste året?

Eg gler meg aller mest til den faglege læringa, variasjonen i arbeidskvardagen, dei sosiale aktivitetane i Trainee Sør – og ikkje minst sørlandsidyll.

 

5 kjappe om deg: 

Guilty pleasure?
Naturdokumentarar (spesielt med David Attenborough eller Morgan Freeman)

Favorittdag?
Torsdag - kan ein glede seg til dei neste tre før ny veke startar igjen! 

Mest brukte app? 
Finn.no

Spontanferie eller nøye planlegger?
Spontanferie er alltid kjekkast, men planlagte har sin sjarm det og - viktigast er avbrekket☀️ 
Favorittemoji? 
🦖