received1489971931152096

Mitt liv som doktorand

No går dagane på Stoa der eg er i arbeid hos Nettstrategi, i Agder Energi Nett. Eg er ferdig med min første periode i Trainee Sør og godt i gang med andre periode i same bedrift. Arbeidet er variert og eg bruker mykje av tida mi til å lære om kraftnettet for å finne ut korleis vi kan førebu Agder på ei meir elektrisk framtid. I gangane treffer eg mange hyggelege fjes og får stadig helsingar frå tidlegare studentar, som eg har vore studentassistent for under min bachelor-, master- og doktorgrad.

Eg har snart vore på UiA i ni år og har hjelpt mange studentar med å forstå skilnaden mellom stjerne- og deltakopling. Studietida mi på UiA starta med bachelor også master i Fornybar Energi. Eg hadde ingen planer om å begynne på doktorgrad, men blei inspirert frå ein på jaktlaget heime, som arbeide i Sira Kvina. Han meinte det var meir behov for ingeniørar med høg teknisk kompetanse og auge for detaljer. Tanken blei då sådd og låg i bakhovudet mitt og begynte å vekse fram då rettleiaren min på masteren motiverte meg til å publisere mastergraden i komprimert format på ein konferanse. Den blei akseptert av konferansen ICEMS, og UiA finansierte turen til Sør-Korea der eg presenterte artikkelen. Rettleiaren fekk meg seinare til å søke på ei doktorgradstilling på UiA. Det var den første stillinga eg fekk positivt tilbakemelding på, så eg takka ja.

Mi tid som doktorgradsstipendiat starta 1. oktober i 2018 der dagen starta med omvising på UiA. Det komiske med denne omvisinga var at rådgivaren, som blei tilsett ein månad før, var mindre kjent på universitet enn eg som hadde studert der i fem år. Då startproblema var løyste og jobb-PC var på plass kunne eg begynne med arbeidsoppgåvene mine. Dei tre første månadane må alle stipendiatar på Ingeniørvitskap utarbeide ein plan for doktorgraden sin og presentere denne for PPCE (PhD Programme Committee Engineering). Det er ein komité som består av professorar innanfor dei ulike disiplinar ein har på Instituttet. Ein månad etter at eg hadde presentert var eg sjølv PhD-representanten frå Mekatronikk og var valt inn ut i frå prinsippet for elevrådsdemokrati (eg var den einaste som melde seg frivillig). I komitéen fekk eg lære om ulike fagfelt som det blir forska på ved UIA. Vi har stipendiatar som forskar på meteorar, kvantefysikk, solcelle, fibertau, demontering av litiumion-batteri, flytande vindmøller, samarbeidande robotar, slangerobotar, hydraulikk, bilkrasj, trehus, vegbygging, armera betong, feilsøking av elektriske motorar (mitt emne) og mykje anna. Tema er varierte, som ein må forvente når Mekatronikk, Fornybar Energi og Bygg er samla under same tak. UiA håper også med sine strategiar å ha meir samskaping på tvers av disiplinar og få til meir samarbeid med næringslivet med fleire industridoktorgrader. Det vil seie at bedrifter/industrien finansierer halve lønna til doktorandane, desse løyser større problemstillingar for bedrifta og bidrar til forsking og utvikling.

Dagane på UiA gjekk med til å lese side opp og side ned med artiklar. Ein begynte etter kvart å lære seg kva som var viktig å lese for å kunne plukke opp dei viktigaste bidraga frå forfattaren. Kunsten med forsking er å finne ut noko nytt. Dette kan vere vanskeleg nok når det sikkert er over tusen andre som også forskar på same emnet, så det er viktig å finne si eiga nisje. For dei fleste doktorandar på ingeniørvitskap er det også viktig med arbeidet i laben. Det er viktig at forskingsresultata er truverdige for andre, så det hjelper lite med finurlege likningar, viss dei ikkje stemmer med røynda. Det er denne delen av arbeidet som er bøygen for dei fleste doktorandar og er grunnen til at mange ikkje blir ferdig før treårskontrakten går ut. Alt utstyr må samlast og settast opp slik at målingar kan bli utført og seinare analyserte. Sjølv om laben er eit stort hinder for oss teoretikarar, så var det moro å utføre programmeringa i praksis og å lære å lodde, skru og lage gjengar.

Dei fleste doktorgradsstipendiatar på UiA kjem frå utlandet, så universitetet vil gjerne auke talet på norske doktorar. Dessverre er det få norske som søker doktorgrad på UiA og konkuransen for stillingane kan vere hard. Likevel er det eit faktum at av alle kloke hovud frå ulike delar av verda som kjem til UiA, så blir 75 % av dei att i Noreg (Med eit fleirtal att i vårt kjære Agder). På UiA hadde eg mange kollegaer som kom frå ulike land som England, Skottland, Danmark, Østerrike, Spania, Portugal, Brasil, Kina, Ukraina, Italia, Frankrike, Iran, Sri Lanka, Vietnam, Canada, USA, India, Pakistan, Egypt, og Algerie. Dette var litt skummelt for meg, som ennå ikkje var heilt stø i engelsk. Eg var derfor glad for at eg fekk ein mjuk start med eit felleskontor saman med sju nordmenn og ein skotte. Engelsken min blei sjølvsagt betre og eg fann fort ut at uttale er ikkje fullt så viktig så lenge ein blir forstått. I tillegg blir språkbarrieren endå mindre når mange av mine utanlandske kollegaene deltar på norskkurs. Vi har fått avtalt at den uoffisielle og avgjerande eksamen er å ha ein samtale med meg når eg snakkar min vanlege dialekt (nedre Setesdal med eit hint av Ivelandsk).