blog2

Presentasjonskurs

Klamme hender, skjelvande stemme, hetetokter og eit kaotisk hovud? Det å halde foredrag og små innlegg er noko somme elskar, og som andre knyter stort ubehag til. Det var derfor fleire som hadde blanda kjensler då vi stilte opp til presentasjonskurs denne veka.

Ein viktig del av det å vere trainee, er å halde fram med utvikling og læring, og trene oss på eigenskaper som er nyttige i arbeidslivet. Det er fint å få lov til å plukke opp litt ny kunnskap samtidig som vi er i arbeid, og kan teste ut kunnskapen i kvardagen. Dette er nyttig både for oss og for bedriftene vi er i, som får tilført nokre nye idear gjennom oss.

Denne veka møtte vi Arne M. Larsen, for å få ei innføring i presentasjonsteknikk. Han er til vanleg kommunikasjonsrådgjevar ved Universitetet i Agder. Fleire av oss sette kaffi og julekaker i halsen då vi såg filmkameraet som stod klar til å filme presentasjonane våre. Heldigvis var første økta av kurset eit foredrag der Larsen innvia oss i gode triks og teknikkar, som vi seinare kunne bruke i dei innlegga våre. Vi fekk råd om fyrsteinntrykk, kroppshaldning og anslag, som kan gi publikum motivasjon til å følgje med vidare i eit foredrag.Vi fekk og ei lita innføring i retorikk, og Aristoteles si lære om dei ulike typane verkemiddel ein kan nytte for å skape kredibilitet og vekke kjensler hos tilhøyraren. Det er morosamt å tenke på at det Aristoteles kom fram til om logos, ethos og pathos, for over 2300 år sidan, framleis er gjeldande i dagens kommunikasjon.

Etter foredraget, skulle kvar av oss bruke det vi hadde lært i eit anslag, ei slags innleiing, til eit tenkt foredrag. VI framførte for kvarandre og framfor kameraet. For fleire av oss kom det både positive og negative overraskingar då vi ein etter ein fekk sjå oss sjølve på skjermen. Det var rart å sjå seg sjølv utanfrå og høyre stemma si. Vi la merke til fikling med hendene og at stemma høyrdes annleis ut enn vi trudde.

Den hyggelegaste lærdomen frå dagen, var kanskje at det slett ikkje såg så verst ut når vi såg på innlegga våre på film. Eg opplevde at innlegget såg langt mindre kaotisk og ustrukturert på film, enn det kjendes ut som då eg stod i situasjonen. I tillegg var det veldig nyttig å få tilbakemeldingar på korleis bodskapet i orda våre, i lag med framføringa, vart oppfatta av dei som høyrde på. Det vart faktisk ei veldig fin oppleving å trene seg på å presentere i ei lita gruppe som vi kjenner godt, og som vi ikkje er så redde for å dumme oss ut for. Arne Larsen bidrog med ei veldig hyggeleg og avslappa stemning, og vi sat igjen med mange gode tips for neste gong vi skal legge fram noko på jobb.