skulebenk

Frå skulebenken til arbeidslivet – Ei samanlikning– Inspirert av årstida

Koreleis kan ein tur i slalåmbakken samanliknast med steget ein tek frå skulebenken til arbeidslivet? I dette blogginnlegget blir denne samanlikninga brukt, frå ein Nordfjording’s perspektiv, inspirert av årstida.

Sjå for deg at du skal din aller fyrste gong i slalåmbakken. Kvikklunsjen, kakaoen og nista er godt pakka ned. Ski-utstyret er i orden. Litt forundra blir du geileida inn i slusene som fører deg til stolheisen som har plass til åtte. Plutseleg sit du 20 meter over bakken, med ein professor på den eine sida og ein god ven på den andre. Du er på universitetet. Professoren fortell deg alt han kan om ski-køyring, inkludert parametrar som værforhold, sikt og gli. Han fortell om dei sikre løypene og dei meir utfordrande traseane som er utanfor løypenettet. Han gjev deg ei andreordens ordinær differensiallikning som du må løyse for å berekne kor mykje kraft du skal ha på høvesvis venstre og høgre ski i svingane. Du ser bort på venen din, som speglar spørjeteiknet du har i andletet. Gjennom fleire økter med intensiv arbeid og diskusjon finn dykk ut av det, saman. 

Heisen har no kome halvvegs, du skimtar ein skikkelse på størrelse med ei fyrstikk langt oppi bakken. Tilsynelatande enkelt og elegant renn skikkelsen nedover bakken. Den svingar høgre, så venstre, så høgre. Du ser ned på arket, kor du har utført kraftberekningane, du ser opp igjen på skikkelsen, ned igjen på arket. Du samanliknar. Professoren oppfordrar deg til å starte å visualisere desse svingane. Saman med venen din lat dykk att auga, startar å svinge beina att og fram der dei heng utfor stolheisen. Du byrjar å forstå samanhengen, du veit korleis det skal gjerast teoretisk, du ser korleis det skal gjerast i praksis, du har starta å visualiser korleis det blir, men du har fortsatt ikkje stått i sjølve bakken.

No skimtar du enden av heisen, du er i full gang med å skrive fleire hundre sider om det å stå på ski, masteroppgåva skal leverast før du når toppen. Plutseleg blir du nærmast kasta ut av heisen, beina treff det harde underlaget og du er på toppen av fjellet. Det er no du skal bruke alt du har lært. Du ser nedover fjellet, som professoren lærte deg og som du kunne skimte frå stolheisen, er det fleire trasear du kan velje. Sakte men sikkert byrjar du å skli. Du kjenner ein stor klump i halsen, men samtidig på ei vanvittig spenning. Gravitasjonskrafta akselerere deg og du er klar for din fyrste sving. Du fell, svingen var uvant, i tillegg låg det ein stein i snøen som du ikkje såg. På sida sklir du eit stykke nedover bakken. Du sett deg opp, tar opp teoriarket, analyserer. 

Plutseleg ser du ein person i sidesynet som har ei utstrekt hand. Du tek handa og kjem deg på beina att. Personene byrjar å køyre, no får du sjå på tett hald korleis det fungera, det du tidligare berre hadde skimta langt borte. Du bestemm deg for å fylje etter. Fyrste sving er ustødig, men du kjem deg gjennom den, andre sving er betraktelig betre. Etter kvart blir du sliten og treng ein pause. Du snur deg mot bakken og oppdagar at du har kome langt ned i bakken. 

Korleis kom eg meg hit? tenkjer du. Idear på korleis teknikken kan forbetrast strøymer inn og du starte å utforske dei. Du som tidlegare blei køyrd forbi byrjar å ta igjen personar som har stått i bakken i mange år. Saman med din nytenking og deira rutine finn dokk på betre teknikkar. Dykk fell eit par gonger, men kjem dokk alltids opp att. Fleire plassar har du hatt behov for ei strimle av kvikklunsjen, men du kjem deg alltids lengre ned i bakken. Så er du nede ved starten av stolheisen att. Turen ned var ikkje smertefri, men du veit du har skapt gode relasjonar, spennandes nettverk og lært mykje. I horisonten skimtar du eit større fjell. Dit skal du dra for å lære meir, når tida er inne.

I mi fyrste plassering i Trainee Sør er eg tilsett i Nymo for å bidra med energieffektivisering av bedrifta. Her saman med min næraste leder, Åsmund Knutson. Vi har allereie vært gjennom mange svingar saman. Eg lærer noko nytt i kvar sving. Foto: Nymo

Takk til deg som bryr deg!

Som ingeniør er ikkje mi sterkaste evne å skrive ein skjønnlitterær tekst. Sjølv om samanlikninga over på langt nær dekker alle aspekta ved dette temaet, tykkjer eg den er relaterbar på fleire områder til korleis det er å kome ut i arbeidslivet. Du lærer mykje på skulebenken, men det er fyrst når du kjem ut i arbeidslivet at du verkeleg ser korleis det er. Takk til deg som stansa opp og strekte ut ei hand når eg fall i fyrste sving. Takk til deg som såg ideane mine, hadde lyst til å lære bort kunnskap og stilte dei viktige spørsmåla. Takk til deg som viser at du bryr deg om mi utvikling og har lyst å heie meg fram.